Vår unge bygningsarv

Korleis tileigne ung bygningsarv ny verdi for å auke livslaupet?

Oppgåva tar for seg ein heilt ordinær skule bygd i 1968 i tettstaden Husnes. Gjennom kartlegging av det eksisterande og ved stillferdig transformasjon har eg utforska kva moglegheiter som ligg i det estetiske, tekniske og romlege i bygningen. Det er stadig meir fokus på korleis vi skal handsame ung bygningsarv. Mange bygg frå det førre århundre er ikkje verdsett i dag.

Ved å transformere ny bruk med samlokalisering av barnehage og omsorgsbustader i dei eksisterande bygga vere med på å skape nytt liv og kvalitetar til omgjevnadane.

Store areal rundt skulen i dag er harde flater, dermed har oppgåva stort fokus på etableringa av eit drivhus som vert eit møtepunkt for barna og bebuarane, og som er ei sone for matproduksjon, avslapping og leik. Drivhuset har store skyvedører som gjer at ein kan opne opp delar av fasaden ut mot hagen der det blir planta frukttrær, bærbuskar, samt hønsehus og leikeareal. Vi er jo tross alt i Hardanger!



Ikkje realisert

Vår 2023
Stad: Husnes, Kvinnherad
Masteroppgåve NTNU